Tenester
Eg kan tilby ulike tenester etter kor detaljerte planar du vil ha, alt frå besøk der me diskuterar idear, til detaljerte planar du kan bruke som utgangspunkt for bygging.
Idébesøk i hagen

Eg kjem på besøk i hagen din (om du bur i Sunnhordland). Du legg fram tankar og utfordringar, og eg kjem med idear. Her får du ikkje teikningar eller notater frå meg.
Pris: 2.000 + ev. reisekostnader. Om besøket fører til eit oppdrag som omtalt under, vil besøket vera ein del av pakken.
Hageskisse

Ei hageskisse er ei enkel skisse over heile hagen som blir presentert med inspirasjonsbilder og ev. enkle snitt.
Pris etter avtale. Kostnad er avhenging av storleik på hagen og kor komplekse utfordringar du har.
Hageplan

Ein hageplan er ein plan over heile hagen (2D) i målestokk, med planteplan og planteliste. Det omfattar òg ein omtale av innhald i planen og forslag til materialbruk.
Det kan òg leverast detaljteikningar samt forslag til møblar og andre produkt.
Pris etter avtale. Kostnad er avhenging av storleik på hagen og kor komplekse utfordringar du har.
Planteplan

Planteplan er ein plan for planting i eksisterande bed.
Teikningen du får viser plassering av planter og antal.
Du kan òg få planteliste med kort beskrivelse og bilder, og ev. råd for planting.
Pris etter avtale. Kostnad er avhengig av storleik på bed og kor kompleks planting du ynskjer deg.