Om meg

Bak Hildesinhage står eg, Hilde Blokkum, ein landskapsarkitekt med lidenskap for hage og blomar. Eg har jobba som landskapsarkitekt i 17 år, og flytta heim til Kvinnherad i 2019 mykje fordi eg gjerne ville ha min eigen hage.
Eg har vore glad i hage og blomar sidan eg var lita, og har alltid likt å teikne, så då eg fant ut at det fantes eit yrke der du kunne kombinere desse interessene vart det heilt naturleg å følge den vegen, og eg vart landskapsarkitekt. Jobben består stort sett av planlegging av ulike anlegg på ein skjerm, så hage- og naturoppleving er viktig for meg å bruke fritida mi på.
#hildesinhage starta på instagram våren 2019 då eg flytta frå Stavanger heim til Sunnhordland, for å dokumentere kva eg gjer i hagen min, og eg starta ein hageblogg hausten 2020 (sjå eiga side over).
Eg veit at hagen kan tilføre livet noko vakkert, gje oppleving av natur og rom for kreativitet og meditasjon. Eg har stor plantekunnskap og praktisk erfaring, og dette har eg lyst å dele med andre. Så hausten 2023 ser altså hildesinhage – hagedesign dagens lys, og eg vil gjerne hjelpe deg på vegen mot drømmehagen!