Korleis vert ein hageplan til?

Denne bloggposten er tenkt som ei rettleiing for deg som lurer på korleis eg går fram for å få ein god plan for hagen din.

Når du har kontakta meg fordi du vil ha ein plan for hagen din startar me med at eg kjem på besøk i hagen. (Dersom du bur langt unna kan me ta ein tur i hagen på video, samt at du sender meg bilder frå hagen.) Me går gjennom hagen og snakkar om dine ynskjer og utfordringar. Etter dette lagar eg eit pristilbod med utgongspunkt i dine ynskjer. 

Når du har akseptert tilbodet ordnar eg med grunnlagskart og kjem på besøk i hagen på ny for å ta nødvendige mål og bilder dersom det er nødvendig. Om du har tankar om hagestil er det veldig nyttig for meg å få vite i oppstartsfasen.

Eg utarbeidar så ei hageskisse, og samlar inspirasjonsbilete som me går gjennom for å lande løysingane. Etter denne gjennomgongen teiknar eg ferdig hageplanen, lagar planteplan og teiknar eventuelle detaljar. Eg lagar og ein omtale av kva planen inneheld. 

Sluttleveransen er eit digitalt dokument med fleire sider med plan, planteplan, eventuelle snitt og detaljar, illustrasjonar/bilete og omtale av løysingane. Du kan skrive ut dokumentet sjølv. Planane vil vera i målestokk, slik at du kan måle på planen og overføre måla til hagen din når du skal i gong med prosjekt. Planane vil òg hjelpe deg i kommunikasjon om du leiger inn andre til å etablere hagen din. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *