Plan for kjøkkenhagen 2023

No går eg inn i min fjerde sesong med kjøkkenhage, og eg gledar meg! Eg har laga ein plan for kva eg skal dyrke i år, sidan det er greit å ha eit utgangspunkt for kva og kor mykje eg skal så og plante. Eg veit allereie at det ikkje kjem til å bli akkurat slik, men utan ein plan kan eg fort gløyme noko, eller så sår eg altfor mykje i forhold til kva eg har plass til.

I fjor var målet å ha masse høge planter i kjøkkenhagen, og det målet klarte eg med glans. Buen av armeringsnett skal eg ha i år òg, men eg skal ikkje ha så mykje solsikker, då dei skuggar ein del for andre planter.

Målet i år er å bruke av alt det eg har i kjøkkenhagen når eg lagar mat denne sesongen, dvs. at eg må ta turen ut i kjøkkenhagen når eg planlegg måltid, og at vil læra meg å bruke meir friske urter. Om eg får så mykje av noko at eg ikkje får til å eta det ferskt vil eg prøve meg på ulike måtar å konservere det på.

Så langt har eg forkultivert:

  • purpurkål
  • grønnkål
  • palmekål
  • to sortar bladbete
  • to sortar raudbete
  • knutekål
  • løk
  • fenikkel
  • tre sortar salat
  • rosenkål
  • agurk

Squash og graskar ventar eg litt med, sidan dei vekst relativt fort ved forkultivering.

Rosenkålen er kassert siden den strakk seg for mykje (dårleg plantelys), og fordi eg mista motet med tanke å kor dårleg det gjekk sist eg prøvde meg på det.

Eg skal direkteså:

  • gulrot
  • pastinakk
  • bondebønner
  • slyngbønner
  • buskbønner
  • sukkererter
  • raudbetar

Og så skal eg sette poteter og løk.

Her eg bur seier ein at det brukar vera trygt å plante ut etter 10. mai, så når det nærmar seg kikkar eg på langtidsvarselet, og byrjar med utplanting når nattetemperaturen viser over 5 grader.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *