Hagejournal mars 2022
Mars er over og det er endeleg skikkelig vår sjølv om det har vore skikkelig kaldt her dei siste dagane. Eg har tatt eit tilbakeblikk på kva som har skjedd i hagen denne månaden, og det er ikkje reint lite. Fleire vårteikn har dukka opp, og eg er godt i gong med diverse hageoppgåver.
Eg starta månaden med å klippe ned buskar i enden av staudehagen der eg skal lage platting. Tar det litt og litt, og har så langt gravd opp to rhododendron, ei rose og ei daglilje, klipt ned fem store mispelbuskar og flytta ei bregne. Eg har bestemt meg for at plattingen skal ha skiferdekke, og at eg skal bygge to natursteinsmurar for å ta opp terrenget ovanfor og nedanfor plattingen. Det gjenstår å grave opp røtene av mispelbuskane og grave ut til fundament for murane og plattingen før eg klar for å starte med murar og dekke.
Av blomstring i hagen har løkplantene kikka opp her og der, og det vert stadig fleire. Krokusen var finast i februar og er no avblomstra. Den siste veka har påskeliljene kome skikkeleg i gong, og no er det fleire som opnar seg kvar dag. Eg har fleire ulike sortar, og er ikkje så god til å huske kva som står kor, så det er små overraskingar her og der. Den første botaniske tulipanen opna seg 29. mars.
I planterommet har eg sådd og prikla i fleire omgongar. Så langt har eg sådd følgande blomar:
- kuletistel
- kjempeverbena
- blå valmuesøster
- fleirårig solsikke
- to sortar løvemunn
- kongeskjerm
- sju sortar cosmos
- stokkrose
- revebjelle
- tre sortar erteblomar
- sommarfloks
Av grønsaker har eg så langt sådd:
- artisjokk
- fenikkel
- to sortar palmekål
- grønnkålmiks
- brokkoli
I staudehagen har eg planta fem ryllikplanter som eg sådde i fjor, og hadde i kjøkkenhagen tidlegare.
Eg tok fram georgineknollane eg hadde lagra i esker i kjellaren gjennom vinteren, og planta dei i potter og posar i plantejord. Eg er oppe i 30 potter no, så det kan bli ein blomsterrik georginesesong om alle spirar.
Eg var på mitt første hagesenterbesøk for sesongen 27. mars, og handla ein klematis (Clematis montana ´Rubens´) eg skal ha på muren i nabogrensa, og to sortar planter eg skal ha langs kanten på beda i staudehagen, hagesildre `Touran Pink´og skogforglemmegei.
I bedet på bakken i kjøkkenhagen plasserte eg to tårn av lange greiner for å teste ut om eg får greinene ned i bakken, og korleis det vil sjå ut. Eg treng å låne eit spett for å få dei betre ned i bakken.
I skyggehagen klipte eg ned nokre buskar buskmure langs gjerdet, og planta fem deler av daglilja eg tok opp frå der eg skal anlegge platting. Buskane var overvokste, så eg trur det vert bra med ei forynging.
Eg har òg starta å teikne opp ein plan for heile hagen. Eg har tidlegare laga skisser for fleire deler, men har lyst til å få ned alle ideane mine på ein plan. Det er kjekt å gjera, og så følge med på korleis ting utviklar seg og ikkje minst endrar seg. Planane mine for hagen brukar å endrast undervegs, men det er fordi eg kjem på betre idear, og det er bare kjekt!
Eg er klar for ein ny månad, med enno meir såing og graving, og så kryssar eg fingrane for at eg får kome vidare med plattingen slik at den blir brukbar før hagesesongen er over. Eg har ei nokså lang liste med ting som skal gjerast i hagen utover våren, så satsar på at det vert nok ein innhaldsrik månadsjournal om ein månad!