Planterommet og kva eg har sådd til no

I vinter oppgraderte eg planterommet i kjellaren som eg har brukt til såing og forkultivering sidan eg flytta inn. Rommet ligg på det nordvestre hjørnet i huset, og har vinduer på to sider. Tidlegare har eg brukt eit gammalt respatexbord under det største vinduet til å ha brett med småplanter på, men det vart trongt om plassen. Eg fant difor ut eg ville bygge ein arbeidsbenk med betre plass. Eg tok fatt på jobben i januar, rydda rommet og malte veggene ein fin, gul farge, og bygde benken. Eg monterte vekstlys på lister over eine delen. Desse heng frå krokar i taket.

Eg har fire vekstlys som kan koblast saman. Dei er kobla til eit tidsur, slik at dei slår seg på klokka seks om morgonen, og av klokka seks om kvelden. Eg brukar skobrett frå IKEA til å ha pottene på, slik at det er enkelt å vatne nedanfrå.

Den andre delen av benken brukar eg som arbeidssone. Her har eg eit brett med kantar som eg brukar når eg skal fylle potter med jord, eller potte om planter. Her har eg òg merketusjar og markørar som eg brukar til å merke kva eg har sådd i pottene. Eg har ulike typar jordblandingar i ein balje og ein gammal vedkasse på golvet ved sida av. Over ser du òg to duftpelargonium som etter kvart skal ut på verandaen.

Frø som skal såast denne sesongen samlar og sorterar eg i ein boks. Eg har enkle skiljelappar av papp, og delar opp kva som skal såast kva månad.

Her er ei samling av frøposane til det eg har sådd til no. Det er overvekt av blomar, sidan eg i år har lyst til å ha mykje bløming i hagen.

31. januar sådde eg fleirårig solsikke, kuletistel, kjempeverbena og tibetansk valmue. Alle skulle stratifiserast, dvs. ha ein kuldeperiode etter sådd. Eg sette dei i ei korg under ein busk i hagen, og lot dei stå til 27. februar då eg tok inn valmue og verbena i ein kasse med plastlokk på badet (for å få ekstra varme), og plasserte solsikke og kuletistel under lys på planterommet. Eg sådde òg artisjokk ´Green globe´ og stokkrose ´The Watchman´ 31. januar. Desse vart plassert på badegolvet under plastlokk.

5. mars sådde eg:

  • Grønnkålmix
  • Palmekål ´Yurok´og ´Nero di Toscana´
  • Prydløvemunn (80 cm høg)
  • Prydløvemunn ´Cheerio´(40 cm høg)
  • Fenikkel
  • Kongeskjerm

14. mars sådde eg:

  • Brokkoli ´Hirza´
  • Revebjelle ´Peach´
  • Sommarfloks ´Cherry Caramel´

Alle frøa over vart først plassert på badegolvet under plastlokk etter såing i fuktig jord, og så flytta til planterommet under vekstlys når dei starta å spire.

Over ser du status per 20. mars. Kuletistel er dei to runde pottene bakerst, og fleirårig solsikke i dei to fremste runde. Stokkroser til høgre. I dei to større firkanta pottene er det sommarfloks og revebjelle. Desse har så vidt begynt å spire. Eg lagar merkelappar ved å klippe opp plastboksar, t.d. smørboksar.

Over er stokkroser til venstre, og artisjokk til høgre. Eg breisådde stokkrosene, og prikla dei 2. mars. Artisjokk sådde eg to per potte. Dei er klare for ompotting.

Over er kjempeskjerm i drueboksen bakerst og fenikkel i den gule potta (det var dårlig spiring der, så skal prøve ein gong til med andre frø). Det er kjempeverbena i dei to pottene framme til venstre. Det ser ut til å gå heller treigt, og eg har ikkje fått det bra til før heller. I potta framme til høgre er det brokkoli, og bakanfor tibetansk valmue. Alle desse skal priklast om i eigne potter når dei er større.

I boksen til venstre er det grønnkål og to sortar palmekål. Det er palmekål ´Yurok´som har best spiring. Dei frøa vart kjøpt i år, mens dei to andre har eg hatt iallfall eitt år. I boksen til høgre er det to sortar løvemunn. Her gløymde eg å plassere markørar når eg sådde, så eg veit ikkje kven av desse som er den låge og høge sorten. Eg hadde tenkt å ha dei høge bak dei låge når eg plantar dei ut, men eg får heller plante dei kvar for seg.

Så langt har eg altså sådd 16 sortar. Den største mengda frø skal såast i april, så dette er eigentleg berre ein forsiktig start. Det anar meg at det blir fullt på planterommet i år òg!

Har du kome i gong med såinga di? Om du har tips til korleis eg kan få til kjempeverbena frå frø tar eg gjerne i mot det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *