Etablering av kjøkkenhagen
Ein del av draumen om eigen hage er å dyrke litt eigen mat, sjølv om eg ikkje har som mål å vera sjølvforsynt. Målet er at kjøkkenhagen skal vera både vakker å sjå på, innhaldsrik og frodig. Eg er inspirert av stilen «potager garden». «Potager» er fransk, og tyder ornamental grønsakshage eller kjøkkenhage, kor ein legg vekt på estetikk i tillegg til produksjonen.
Kjøkkenhagen er plassert på ei flate på søraustsida av huset. Eg var ein del fram og tilbake rundt kor den skulle plasserast, og er så glad for at eg landa på eit område som er nær huset, og difor lett tilgjengeleg. Det er òg veldig kjekt å kunne kikke ned på kjøkkenhagen frå huset.
Sidan denne delen av hagen har tynt jorddekke, bygde eg våren 2020 fire store plantekassar.
Eg fekk tak i gratis materiale (takk til far min), og kappa til lengder på 100 og 230 cm. Kassane er mellom 27 og 35 cm høge.
Eg fylte kassene med kvistar og halvråtne greiner frå hagen, samt tang eg samla i stranda. Nærast huset er kassane plassert på kraftig markduk, for å unngå jord ned i singelen.
Fekk tak i mange sekker hestemøkk som eg fylte på, før eg toppa med plantejord.
Mellom kassane fylte eg på med sjølvprodusert flis frå rydding i hagen tidlegare på våren, for å skjule markduken.
Kjøkkenhagen var klar til planting og såing 2.mai, men det var enno litt tidleg å gå i gong med noko utandørs, sidan me kan få frost her i området etter 17.mai.