Hageåret 2024 – januar til juni
No er me snart tre veker inn i 2025, og eg tenker det hadde vore kjekt å oppsummere fjoråret før eg går skikkeleg i gong med planane for i år. Eg har alt bestilt dei første frøa og hatt ein rydderunde i planterommet, men planar utover at eg har eit visst bilde av kva eg vil så av sommarblomar i år har eg mest lause tankar rundt eventuelle prosjekt.
Eg deler opp oppsummeringa i to siden det er mange bilder eg har lyst å dele. Håpar du syns det er kjekt å lese og sjå!
Januar
Eg brukar å gå gjennom frølageret mitt og bestille nye frø tidleg på året, og det gjorde eg i 2024 òg. Det er veldig lurt å gå gjennom kva frø ein har liggande før ein sender av gårde nye bestillingar. Frø varar ofte lenger enn datoen som står på pakken, og det er sjelden eg sår alle frø i ein pakke ein sesong.
Februar
Eg sådde dei første frøa i starten av februar. Bildene viser at eg har sådd eit par ulike sortar prydgras og stauda pagodeblom. Eg sår som regel lite før me er i mars, men stauder bør som regel såast tidlegare enn det.
Dei første snøklokkene oppdaga eg i starten av månaden.
Mars
I starten av mars starta eg hagearbeidet med å klippe buskane på oppsida av huset, som har strekt seg godt sidan 2019 då eg flytta hit.
Status frå planterommet 2. mars.
12. mars hadde eg foredrag på Kvinnherad bibliotek om korleis du kan planlegge din eigen hage. Det møtte opp over 80 personar og det var så kjekt å dele inspirasjon og kunnskap! Eg fekk veldig gode tilbakemeldingar på foredraget, og har fleire på programmet for 2025.
I slutten av mars blomstra både julerose, lungeurt og den botaniske tulipanen ´Tulipa turkestanica´.
Eg hadde lenge hatt lyst på ein vannspegel i hagen, og fekk det til jul i 2023. Den kom på plass i staudehagen i slutten av månaden.
April
Det var på tide å bytte ut flisa i kjøkkenhagen som eg la ut våren 2020. Den holde seg godt i fire år, men hadde begynt å bli omdanna til jord no. Eg flytta den over i kassane, og la ut ny flis som eg hadde kverna hausten før.
I tillegg utvida området med flis inn i plenen slik at eg fekk plass til eit kafésett der. Eg laga kant mellom flis og plen med stein som var igjen etter bygginga av murane for terrassen i staudehagen.
Georginene kom i jord i midten av månaden, og eg grov opp småplanter frå staudehagen som hadde formert seg på eiga hand. Desse skulle eg ha med til planteloppemarknaden Kvinnherad hagelag skulle arrangere litt seinare på våren. Småplantene på planterommet trives godt!
Mai
I starten av mai starta det største hageprosjektet dette året – pergola i staudehagen. Eg hadde hatt planar om denne lenge, og det var så kjekt å få den på plass. Eg fekk god hjelp av bror min til å få den opp.
Pergolaen tar seg godt ut og lagar eit fint rom i det øverste hjørnet av tomta. På bildet under ser du at eg har starta å giera klar skråningen til planting. Her var planen å ha georginer øverst, og sommarblomar nederst. Eg fjerna ein stor skjersmin og ein rhododendron (den ser du klipt ned til venstre i bildet) frå toppen av skråninga for å få plass til andre ting her.
Ein av dei finaste nye blomane i hagen i 2024 var denne irisen. Det er ein Iris germanica (hageiris), og den er så nydelig! Opplevelsen av den har ført til at eg har bestilt fem sortar til i år, og eg gledar meg masse til fleire slike smykker i staudehagen.
Eg brukar å skjera kanten på grasstien i staudehagen. Det er eit godt prinsipp å strame opp enkelte element i hagen for å gje litt struktur.
Blomsterglimt ein maikveld.
Over er eit glimt frå nordvestsida av huset. Eg har ikkje gjort like mykje på denne sida av huset som på austsida, men det er mulig det skjer meir her i år.
Vannspegelen fungerar verkeleg som ein spegel. For å få ein skikkeleg spegeleffekt bør botnet på fatet du nyttar vera mørkt. Svart farge gir aller best spegeleffekt.
I slutten av månaden er alle georginene på plass i skråninga, og pergolaen heilt ferdig.
Over ser du eit glimt frå kjøkkenhagen mot staudehagen 31. mai.
Juni
Eg gjorde noko heilt nytt i hagen 4. juni, og hadde open hage som del av Hageselskapet Hordaland sitt 60-årsjubileum. Det kom over tjue besøkande, og det var veldig kjekt å vise fram hagen til så mange hageinteresserte.
Eg har tre sortar pioner i hagen. Den til venstre har eg planta sjølv, mens den til høgre er ei eldre plante som sto her frå før.
Rosa over er ei nydelig klatrerose eg grov fram frå under ei syrin for eit par år sidan. Håpar eg finn ein fin plass til den i hagen i år. Den har hatt eit par år i ein stor murarbalje no.
Eg avsluttar dette innlegget med eit par bilder tatt 11. juni av staudehagen og frå staudehagen mot kjøkkenhagen med den flotte utsikten eg har frå tomta mi.