Planen for kjøkkenhagen 2024
No har eg fått ned på ein plan kva eg har lyst å dyrke i kjøkkenhagen i år, samt korleis eg har tenkt å fylle skråninga på oppsida av kjøkkenhagen. Å teikne ein plan gjer at eg får tenkt skikkelig over kva eg har lyst å dyrke og kva eg skal så. I år kom planen på plass ganske seint, men eg er enno ikkje ferdig med å så, så den vil framleis vera nyttig for meg.
Eg har sådd ein del av det som skal forkultiverast, og alle georginene er kome i jord inne. Det gjenstår å forkultivere graskar, bønner, squash og mangold av grønnsakene. Planen er å direkteså gulrot, pastinakk og sukkerert. Kvitløken kom i jorda så seint som i februar, men den ser ut til å trivast bra.
Av vårarbeid i kjøkkenhagen har eg skifta flisa mellom kassane, og endra på overgongen mellom flis og plen. Eg håpa å få plass til ei lita sittegruppe her, og det gjekk fint. Bildet under viser korleis det såg ut før, etter at eg hadde tatt vekk flisa som hadde kompostert seg bra etter fire år. Eg har ein duk under flisa og dei tre kassane nærast huset, sidan det her er singeldekke og eg ikkje ville blande jorda med dette dekket. Det hadde vore betre å ha kontakt med jord under kassane, så eg legg vekt på å tilføre kompost og naturgjødsel for å sikre eit godt grunnlag for grønnsakene.
Eg gledar meg til å sjå korleis årets kjøkkenhage og sommarblomplanting vil sjå ut. Har du kjøkkenhage? Kommenter gjerne kva du syns er kjekkest å dyrke!