Hageplanar (og draumar) for 2024

Eg har mange tankar om kva eg har lyst å gjera i hagen den neste sesongen, og tenker det kan vera lurt å skrive det ned og prøve å prioritere litt. Det er ikkje sikkert det er nok tid, penger eller energi gjennom året til å få til alt dette her, men det fine med hagen er at ingenting egentlig har noko hast.

Så her kjem ei liste over planar og draumar for hagen i 2024.

Bygge pergola på plattingen i staudehagen

Murane til plattingen vart ferdige våren 2023, og eg gjorde ikkje noko meir med dette prosjektet resten av sesongen. Eg brukte derimot tid på å tenke ut korleis pergolaen eg vil bygge her skal sjå ut og landa på løysinga som skissa under viser. Eg vurderar å ha spiler øverst, men trur eg skal vente med å bestemme meg til pergolaen er bygd. Planen er at denne skal på plass tidleg i vår. Ønsk meg lykke til!

Eg tenker på fleire mindre prosjekt rundt pergolaen òg, men hovedmålet er å få den på plass, og det GLEDAR eg meg til.

Bygge ei trapp mellom kjøkkenhagen og staudehagen

Det er nokre høgdemeter forskjell mellom kjøkkenhagen og staudehagen, og koblinga mellom nivåa er via ein skråning innved husveggen. Denne skråninga er bratt øverst, og tidvis ganske glatt. Her vil eg bygge ei trapp. Rhododendronen som står midt i bildet skal vekk (du ser den til høgre i det første bildet).

Utvide «præriebedet» opp langs trappa til huset

Eg starta på eit nytt staudebed på vestsida av huset i fjor, inspirert av stilen «prairie garden». Eg har lyst å utvide dette langs trappa opp til huset, og har alt bestilt fleire barrotsstauder og frø til prosjektet. Planen er òg å få planta ein del prydgras i dette bedet. Vidare har eg lyst å få på plass ein kant mellom bedet og grasbakken.

Lage til ein sitteplass ved kjøkkenhagen

Eg har lyst på ein hyggelig sitteplass ved kjøkkenhagen, og tenker at den skal plasserast der baljen og stubben står på bildet over. Eg vil ha dekke av stein eller flis slik at eg slepp å flytte på møblene når plenen skal klippast. Eg hadde eit kafésett på plenen i området i fjor (sjå bildet under). Det er veldig fint å sitte i denne delen av hagen, der ein er omringa av det grøne på alle kantar.

Ferdigstille steinplatting og trinn i botnen av trappa frå verandaen

Eg laga eit lite platå av stein i botnen av trappa i fjor, og treng å fylle sand mellom steinane der samt fylle opp litt rundt slik at det blir eit betre steg opp til platået.

Bygge kompostbinge

Det blir mykje hageavfall i løpet av ein sesong, og eg har så langt samla dette i ein haug og brukt kompostkvern på det som kan lagast til flis. Ein kompostbinge (kaldkompost) med fleire kammer vil gjera omdanning av hageavfall til jord mykje meir effektivt.

Utover desse prosjekta er planen å forenkle kva eg har i kjøkkenhagen, dyrke masse, masse blomar og lage fine bukettar, og øve meg på å hauste frø når hausten kjem.

2 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *