Hagevåren er i gong!

Dei seier den første vårdagen er 20. mars, og når me no skriv 26. håpar eg at me er ferdig med kulde og snø. Eg har hatt ein seinare start på hagevåren i år enn dei siste åra, men no er eg skikkeleg i gong. Eg har planlagt kva som skal såast og sådde dei første frøa andre veka i mars. Under ser du mitt nye oppsett med vekstlys i hyller i kjellaren.

Eg har og planta ein god del barrotsstauder som skal vera del av eit nytt hageprosjekt for året. På oppsida av vegen opp til huset er det ein mur, og over denne ein skråning med det eg kallar frukthagen. Eg har tenkt mykje fram og tilbake på korleis eg kan få dette området av hagen til å framstå finare, og har bestemt meg for at eg vil etablere eit bed heile vegen på oversida av muren. Det står nokre planter der i dag, men det er mest gras. Under ser du eit bilde av området sett frå stova.

Planen for bedet er inspirert av hagedesignaren Piet Oudolf og hans bruk av gras og stauder med struktur og form, som gir ei planting som er spennande gjennom alle sesongar. Fargetemaet tenker eg på som «solnedgong», og eg vil bruke ein del gule, oransje og raude stauder, fargar eg ikkje brukar i staudehagen. Under er bilder av barrotsstaudene eg har kjøpt til dette prosjektet. I tillegg til desse skal eg flytte nokre stauder frå andre deler av hagen, samt handle fleire på hagesenter når eg kjem over nokre eg vil ha. Muren er omlag 27 meter lang, så det vil kreve mange planter, og trinnvis etablering. Eg gledar meg til å sjå framgongen og resultatet!

Ute i hagen har eg rydda, starta å kutte ned sommarblomar og stauder, og skore kantar mellom bed og plen i staudehagen og kjøkkenhagen. Eg har og flytta ein sommerfuglbusk og planta to nye over den nye terrassen i staudehagen.

Det ser ryddigare ut med skarpe kantar mellom bed og plen.

Terrassen er nesten ferdig, men dekke manglar enno. Eg har ikkje landa på kva dekke eg vil ha, men håpar å få dette på plass før sommaren er over. På oversida har eg planta ei vierpære (Pyrus salicifolia) og tre sommarfuglbuskar. Eg skal plante ein rekke med laurbærhegg langs gjerdet øvst, og fylle på med stauder etter kvart.

Eg gledar meg stort over at sesongen endelig er i gong, og har ei lang liste over ting som skal gjerast. Heldigvis likar eg både lister og å ha prosjekt å halde på med. Har du laga deg ei slik liste? Del gjerne eit par punkt med meg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *