Tidleg haust i hagen
Seinsommar og tidleg haust er mi favorittid i hagen. I år har starten av september vore uvanleg varm og solfylt. Det er aldri så frodig som på denne tida, og mørke kveldar med fyr på bålpanna er veldig stas.
I vår bestemte eg meg for å satse på høgde i kjøkkenhagen, og no kjenner eg meg nesten liten når eg går mellom solsikker, bønnestativ og buen med klatrande erteblomar og sukkererter.
I staudehagen går arbeidet med terrassen sakte på fram. Eg er nesten ferdig med den nedre muren, og godt i gong med den øvre.
På terrassen mellom murane er planen å legge skifer, og eg håpar å få tak i gamle takheller til dette.
Eg gledar meg til terrassen står ferdig, og eg kan starte med plantinga rundt den. Eg har nokre tankar om korleis eg vil det skal sjå ut, men har ikkje landa heilt.
Det blomstrar rikt både i staudehagen og kjøkkenhagen, og eg har plukka mange fine bukettar sommaren gjennom. Det har vore overvekt av rosa nyansar i år, så eg tenker på kva andre fargar eg har lyst å tilføre neste sesong. Det er fint med rosa, men eg vil gjerne ha fleire fargar å leike meg med når eg lagar bukettar.
Over ser du prydtobakk som har sjølvsådd seg. Eg sådde denne i fjor. Det er stor stas når slike planter dukkar opp. Sommarblomar som sjølvsår seg har ofte kraftigare vekst enn planter ein forkultiverar, men dei blømer gjerne seinare.
Erteblomane blømer framleis rikt. Det er viktig å klippe av blomar på sommarblomar regelmessig for å unngå at plantene går i frø og dør. Slik kan ein få bløming langt utover hausten. Det har blitt mange bukettar av desse plantene!
Eg oppdaga ein fin fargekombinasjon i staudehagen med rosalilla og lys lime. Tenker eg gjerne vil spele vidare på denne. På bildet over er det syrinhortensia og kattehale, mens under er det haustfloks (lilla) og ei lys limefarga veldig fin staude eg ikkje er sikker på kva heiter. Det er muligens ein gullknapp. Tar gjerne imot tips om du kjenner den igjen!
Avsluttar denne posten med eit bilde av dei høge solsikkene som gjev meg stor glede, men som kanskje tar opp vel mykje plass. Me får sjå korleis neste års hage ser ut!