Hagejournal juli 2022
Julihagen har vore prega av eit stort prosjekt, kamp mot sneglane og mange hagerundar for å sjå kva nytt som har dukka opp av blomar og vekster. Eg har òg prøvd å prioritere litt avslapping og nyting av fine blomar og alt eg har gjort dei siste tre åra, men det er ikkje så lett å sitte i ro så lenge av gongen når eg stadig ser noko som kunne vore gjort noko med.
I starten av månaden var det begynt å fyllast godt ut i plantekassane i kjøkkenhagen.
I frukthagen klipte eg ikkje graset før 28. juli. Eg ville sjå kva som dukka opp av engblomar, og denne store tua med blåklokker (som eg såg eit glimt av i fjor) var gledeleg! Det dukka opp eit par andre mindre felt med blåklokker og, men lite andre typar engblomar. Det var mykje insekter i skråninga heile våren og sommaren. Eg har bestemt meg for at eg ikkje vil ha dette området som plen, men har ikkje landa på kva eg vil gjera enno. Skal prøve å etablere ei fin blomstereng i deler av skråninga iallfall.
Dette er kanskje den finaste blomen i hagen i år! Det dukka opp ei gruppe valmuer i kjøkkenhagen som har sjølvsådd seg etter nokre eg sådde i fjor. I tillegg til den mørk lilla valmua, kom det ei raud og ei lysare lilla som var fylte.
Erteblomane på buen i kjøkkenhagen begynte å strekke seg, og eg har plukka mange bukettar så langt. Eg passar på å plukke alle som blømer, slik at det skal forsette å bløme utover seinsommaren og hausten. Dersom du lar erteblomane sette frø (dvs. ertebelgar) vil bløminga slutte tidleg.
Bildet over er frå 18. juli, og solsikkene er i god gong med bløming. I venstre kant av bildet kan du sjå ein stor bronsefenikkel, og i toppen av skråninga midt i bildet kan du sjå ein steinhaug som eg fekk levert i starten av månaden.
Steinen skal brukast til å lage murar til ein platting i enden av staudehagen. Den nedre muren til er her halvvegs oppe. Eg skal òg bygge ein mur til venstre i biletet. Det er tungt arbeid å halde på med stein, men eg trur det blir bra, og gledar meg veldig til dette prosjektet er ferdig og eg kan nyte utsikten frå denne plassen med noko godt i glaset.
23. juli og nokre glimt frå kjøkkenhagen. På dei to tårna veks det slyngbønner. I dette bedet er det elles grønnkål, asparges og diverse sommarblomar.
Det var veldig kjekt å oppdage at alle artisjokkplantene har danna knoppar.
Solsikkene har strekt seg høgare enn buen, og er her godt over to meter høge.
Desse solsikkene heiter Black magic og har ein nydeleg rustraud farge. Det er stadig meir bløming i dei fletta terrassebeda. I dei to bakre terrassane har eg graskar, men dei er ikkje så mykje å skryte av. Eg trur dei får for lite næring, og at det har vore for kaldt.
Eg syns det er veldig kjekt å plukke inn blomar og øve meg på å lage fine bukettar. Det er mykje blomar i ulike nyansar av rosa/lilla i hagen, noko buketten over viser godt.
Eg har planta ein svarthyll av sorten ´Black lace´ ved muren, og trur den kan bli veldig fin i kombinasjon med klematisen (montana ´Rubens´).
Denne rosa fant eg under den store syrina ved muren mot naboen, og flytta den til ein murarbalje og gav den godt med gjødsel. Eg såg i fjor at den hadde gule blomar, og ville finne ut om det er ei klatrerose, sidan eg likar gule klatreroser svært godt. Den blømer veldig fint, luktar godt, og har strekt seg veldig, så det kan sjå ut som at det er ei klatrerose. No må eg bare finne ut kor eg skal flytte den til. Det er ikkje så mange alternativ for ei klatrerose i hagen.
I kjøkkenhagen er regnbuebladbeten i full produksjon, saman med frivillig blomkarse som spreier seg skikkelig utover bakken.
Bildet over viser kjøkkenhagen i starten av august. Ta ein kikk på slutten av hagejournalen for mars om du vil sjå kor mykje denne utsikten har endra seg sidan då.