Hagejournal juni 2022

I starten av juni var rhododendronbløminga på topp. Eg hadde ein runde i hagen ein kveld og tok bilder av alle dei ulike fargane. Eg har fjerna alle dei raude unntatt ein på nordsida av huset, så no går det i hovudsak i kvitt og ulike nyansar av rosa/lilla. Den finaste er den mørkaste lilla syns eg.

4. juni monterte eg klatrenett på muren i nabogrensa i aust. Eg kjøpte eit heilt flak armeringsnett som eg fekk kappa opp i tre deler, ein del brukte eg til buen i kjøkkenhagen, og dei to andre her på muren. Eg brukte slagbor og bora hol i betongen og skrudde inn kraftige betongskruar. Eg festa nettet til skruane med ståltråd. Det gjekk lettare enn eg trudde, og eg er veldig nøgd med resultatet.

På veggen skal det vekse ein Clematis montana ´Rubens´. Her er den planta saman med nesten svarte stokkroser.

I staudehagen har eg fylt ut med planter det øvre bedet. På bildet over ser du at eg har spadd opp plen og rensa.

Her ser du korleis bedet såg ut i slutten av juni. Eg handla ein del nye stauder denne månaden, mellom anna kvit arendsspir (Astilbe) og ein grønblada alunrot (Heuchera) med rosa blomar som du kan sjå på bildet over.

8. juni var det planteloppemarknad på Husnes arrangert av Kvinnherad Hagelag. Fangsten min vart bronseblad, jordbærrabarbra, ei kvit akeleie og to storhjelm.

Eg har ei valmue i staudebedet som i år hadde knopp. Den har ikkje blomstra før, og eg kunne ikkje huske kor den kom frå. Då den opna seg og eg såg korleis den såg ut huska eg at eg har sådd den i fjor eller forfjor. Eg må ha planta den ut i staudebedet og så gløymt det. Den er nydelig, og det var ei gledeleg overrasking. Sorten heiter ´Royal Wedding´, og er fleirårig.

I skyggebedet på nordsida av huset er det svært frodig i år. Eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal ha i den vide krukka som står på stubben. Har tenkt på å tette den og ha den som eit basseng, eller å plante den til. Løpstikka som står til høgre i bildet er over to meter høg, og veldig flott. Breibladliljene (Hosta) har eg flytta frå ein anna del av hagen. Bak til venstre skimtar du gule dagliljer som eg flytta tidlegare i vår.

Status i kjøkkenhagen 19. juni. Solsikkene har etablert seg godt.

Sjølvsådde valmuer til venstre i bildet er eg veldig nøgd med! Til venstre i kassen midt i bildet er ei rekke med asparges.

I dette flettebedet er det fleire sortar pyntekorg. Dei flesta har overlevd og etablerar seg godt. Den største utfordringa er brunsneglar som ser ut til å vera veldig glad i desse plantene.

Daglilja som eg flytta frå staudehagen der eg skal bygge ein platting blømte skikkelig fint. Eg har sett fem planter (eg delte ei stor, gammal plante) på rekke i skyggehagen. Planen er at dei skal fungere som ein lav hekk langs ein framtidig hagesti.

Pyntekorg ´Cosimo Collarette´

Salvie

Pyntekorg ´Rubenza´

Eg var vekkreist fem dagar i slutten av månaden, og då eg var tilbake 30. juni hausta eg omlag ein liter jordbær. På kvelden var eg ein runde i hagen og fotograferte.

Det var veldig kjekt å komme heim og sjå at den første solsikka opna seg. Sorten er «La Torre», og den blir forhåpentligvis enno høgare enn den er no.

Slyngbønnene har begynt å slynge seg oppover stolpane, og valmuene har mange knoppar.

Plantekassane i kjøkkenhagen er alt veldig frodige. I denne kassen er det blomkarse, bladbete, georginer, kongeskjerm, squash, erteblomar, solsikker og brokkoli.

Kjøkkenhagen mot sør.

Terrassebed i kjøkkenhagen, og den nye klatreveggen i bakkant. Rabarbraen eg kjøpte på planteloppemarknaden er planta i det bakre terrassebedet, saman med nokre graskarplanter.

Palmekålen veks bra, men sneglane likar dessverre den godt dei òg. Til høgre er det tre fenikkelplanter som vart sådd i fjor. Eg har òg ein bronsefenikkel i ein av dei andre kassane.

Pyntekorg ´Apricotta´

Pyntekorg Antiquity´

Ryllik, stjerneskjerm og astilbe i det nedre staudebedet.

Bakkeknapp (Scabiosa) i det øvre staudebedet. Denne fargen er nydelig, og planta blømer lenge. Eg har og ein lys limefarga sort som blømer seinare enn denne.

Stjerneskjerm (Astrantia)

Ein fin kombinasjon av peon og geranium.

Kvite blomar lyser fint opp når det mørknar litt.

Oversiktsbildet over kjøkkenhagen tatt frå loftet 3. juli viser at beda i kjøkkenhagen byrjar å fyllast godt ut. Eg gleder meg til det byrjar å komme meir blomar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *