Hagejournal mai 2022

Mai månad er godt forbi, og her følger månadsoppsummering nummer tre for i år. Hagen er grøn og det er stort sett fullt av planter i alle bed. Plenen er klippa fleire gonger og samling av sneglar vert utført nesten kvar kveld.

Eg har kanta mellom bed og plen med ein kantspade. Det er ein enkel måte å få eit meir ryddig uttrykk i hagen. Eg likar elles best eit frodig uttrykk, men det er bra med litt orden i kaoset. Dette bedet er i kjøkkenhagen.

Arbeidet med plattingen i staudehagen går sakte på fram. På bildet over er størrelsen definert der eg har gravd ein kant.

Den nydelege botaniske tulipanen «Lilac Wonder» dukka omsider opp i staudehagen, men det var kjedeleg å sjå at berre tre av dei 50 løkane eg plante hausten 2020 blomstra i år.

I kjøkkenhagen har arbeidet med det nye bedet skråninga gått ytterlegare på fram. Eg fylte det med torv og dekka med avispapir før eg henta jord frå toppen av skråninga der eg grev ut for platting.

10. mai sådde eg squash og graskar som vart plassert i eine vinduskarmen i stova. Dei store graskara skal eg ha i skråninga over det nye flettebedet.

På nordsida av huset der eg i vinter klipte ned nokre overvokste buskar dukka det opp kvitveis!

20. mai planta eg ut georginene i potter på verandaen. Her blanda eg inn kugjødselkompost med plantejorda som var i pottene frå før.

I flettebedet planta eg etter kvart to sortar pyntekorg, kornblom, sommarfloks, blomkarse og solsikker. Her ser du òg at eg har starta med å terrassere skråninga vidare oppover med nokre solide bord. Det er her eg skal ha graskarplanter.

Mellom to av plantekassane i kjøkkenhagen har eg fått på plass ein bue av armeringsnett. Eg slo ned nokre armeringsjern i bakken (to på kvar side), og festa nettet til stengene med ståltråd. På sida som vender hitover har eg planta erteblomar, og så er det sådd sukkererter på andre sida.

Småplanter som står og ventar på å få plass rundt om i hagen. Eg har gitt vekk ein del òg, siden eg sådde meir enn det eg får plass til hos meg sjølv.

På nordsida av huset der det er meir skugge, har eg eit område eg held på å plante til med planter med store blader. Her står det fire grupper breibladlilje (hosta) rundt stubben av den store koreaedelgrana som sto her når eg flytta inn. I bakkant ser du ei rekke med dagliljer som eg flytta tidlegare i vår. Breibladliljene har eg flytta frå lenger nede i hagen, der det er eit stort felt med denne planta.

Fleire av georginene har òg blitt planta ut i kassane i kjøkkenhagen. I kassen over er dei kombinert med solsikker, erteblomar, bladete og brokkoli. Eg har sådd buskbønner i høgre del.

I kassen over står georginene i lag med solsikker, kongeskjerm og ein bronsefenikkel. I dette bedet er det òg mange småplanter av agurkurt og solsikker som har sjølvsådd seg.

I det store bedet på bakken i kjøkkenhagen har eg planta ut nokre artisjokkplanter, solsikker og palmekål i tillegg til slyngbønner som er sådd ved stolpene. Eg har òg sådd buskbønner til høgre langs plantekassen. Her har ein del valmuer og ringblom sådd seg sjølv. For å unngå å tråkke alt for mykje på jorda i heile bedet har eg lagt inn nokre tråkkheller.

Eg avsluttar mairapporten med to bilder tatt 29.mai, med ein nydeleg regnboge over hagen. Og under følger eit oversiktsbilde frå kjøkkenhagen frå starten av juni. Det er moro å sjå dette bildet og samanlikne med bildet sist i førre månadsrapport.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *