Hagejournal april 2022
Der var ein ny månad over, og det er tid for månadsoppsummering nummer to i år. April har vore ein uvanleg varm månad, og hagen ser svært annleis ut enn den gjorde for ein månad sidan. No på slutten av månaden står det store bjørketreet til naboen heilt grønt, og plommetrea mine blømer.
Månaden starta med ein snømorgon 5. april, men snøen låg berre ein formiddag, og no er det berre eit par veker til me kan begynne å plante ut forkultiverte planter her i Sunnhordland.
Eg har sådd ein del frø i april, her er ei kjapp liste:
- 2. april: seks sortar solsikker; Ms. Mars, Black Magic, Wahoo!, Copper Queen, La Torre og Velvet Queen
- 6. april: kornblom og bladbete
- 13. april: agurkurt
- 14. april: blomkarse (av dei femti frøa eg sådde spirte berre eitt!)
- 27. april sådde eg dei første frøa UTE; to sortar spinat, ruccola og to sortar plukksalat, og prøvde på ny med to sortar blomkarse (inne); sortane Black Velvet og Salmon Baby
Så godt som alle plantene eg har sådd inne er prikla i løpet av månaden, og framgongen i planterommet har vore formidabel. Det byrjar å bli svært trongt om plassen, men eg vil ikkje ta sjansen på å flytte noko ut sidan det er meldt ned mot 4 grader fleire netter framover, og det då er fare for frost.
Har måtta heva vekstlysa siden fleire av plantene har fått god høgde.
Det var ikkje nok plass under vekstlysa etter prikling, så mange av plantene må klare seg med dagslyset frå dette vindauga. Det er ikkje optimalt, men eg passar på å snu plantene slik at dei ikkje får veldig skeiv vekst, og sidan det ikkje er så varmt i kjellaren ser det ut til å greitt.
Dei aller fleste georginene veks for fullt. Har toppa dei største, og lurar på om dei som ikkje har begynt å vise grønne skudd har tenkt å dukke opp. Alle har iallfall synleg rotvekst. Det ser du ved å sjekke under potta, om det dukkar fram kvite røter. Det er ein av fordelane med å sette knollane i posar, då det er veldig enkelt å sjå røtene gjennom plasten.
I midten av månaden gjekk eg i gong med å plante til kanten i staudehagen med nokre låge planter eg har handla, samt at eg flytta og delte nokre primula.
Tre planter av hagesildre ´Touran Pink´.
Tre planter av ein sort forglemmegei.
Og mange små deler av ein mørk raud primula.
Eg må nok få tak i litt fleire låge stauder for at kanten skal bli tett. Målet er eit staudebed utan synleg jord og minst mogeleg lys til ugras, slik at det vert både frodig og minimalt behov for luking.
I frukthagen har eg flytta dei tre blåbærbuskane eg planta i fjor slik at dei no står på rekke. Skal dekke bedet med papp og ha på flis etter kvart, og truleg lage ein kant på nedsida av bedet. Har hatt på kompost og gjødsla buskane, så håpar på god vekst og litt meir bær i år enn det var i fjor, men flytting stressar jo plantene, så det er ikkje sikkert det er så sannsynleg.
Over er alle tre buskane kome på ei rekke. Eg trur det blir fint med litt tydelegare rader når eg får på flis og kantar.
I slutten av månaden fekk den finast peona i hagen ei litt meir solid oppbinding av kvistar frå hagen og jutetråd.
Og eg fekk lånt meg eit spett og laga nokre djupare hol til stolpane eg skal ha slyngbønner på.
Har òg flytta eit par roser som har fått midlertidig plass i to store baljar i kjøkkenhagen. Eg vil ha dei her ein sesong for å få betre inntrykk av korleis dei ser ut. Begge sto godt gøymt under kvar sin busk, så det har vore vanskeleg å sjå kva vekseform dei har då dei har strekt seg veldig etter lyset. Den nedste har gule blomar, og eg håpar det er ei klatre/slyngrose, for eg vil gjerne ha ei gul slik.
Heilt i slutten av månaden sådde eg dei første frøa ute. Prøver meg på salat og spinat i pottetårn i år. Har òg planta tre brokkoliplanter her, dei ser du i det øvste nivået til venstre.
Eg gleda meg stort då eg oppdaga at aspargesen har begynt og spire! Dette såg eg 27. april. Eg planta seks planter i fjor, og det ser ut til at alle har overlevd. Eg trur eg skal la vera å hauste i år slik at dei får to sesongar til å etablere seg på, og så starte forsiktig med hausting neste vår.
Her er status på kjøkkenhagen 30. april 2022. Bildet viser godt to av dei største prosjekta så langt i år, flettekanten og det nye bedet i botnen av skråninga til venstre som eg held på å fylle med diverse vekstmedium, og komposten som er spreidd ut i heile kjøkkenhagen. Desse prosjekta har sitt eige innlegg frå tidlegare i månaden.
Ved neste månadsrapport satsar eg på at alle planter er i jorda, og at alle klatrekonstruksjonane er på plass. Og at eg har kome lenger på plattingprosjektet i staudehagen, som ikkje har vore prioritert denne månaden.