Kompost og nytt bed i kjøkkenhagen

Klargjering av kjøkkenhagen for dyrkingssesongen 2022 er snart gjennomført, og eg tel ned dagane til eg skal begynne å så og plante ut det eg har forkultivert. Det byrjar å bli svært fullt på benken på planterommet. Eg planlegg å plante ut rundt 17. mai, og er stadig innom langtidsvarselet på yr.no for å sjå kva temperatur som er venta framover.

Men her skal det altså handle om korleis det ligg an i kjøkkenhagen. Etter å ha luka alle beda fekk eg hjelp til å hente eit lass med hagekompost på gjenvinningsstasjonen her lokalt. Det vart ein kubikk, og alle beda i kjøkkenhagen fekk eit lag på omlag 5 cm kompost.

Det vart ei god treningsøkt å spa trillebåra full og trille komposten til kjøkkenhagen.

Flettebeda eg laga i fjor har lite næringsrik jord, og det var dårlig vekst i det eg hadde her. Så er er det verkeleg behov for litt tilskot.

Eg var ikkje ferdig med å luke i resten av hagen der eg skulle ha kompost, så nokon av plantekassane fekk litt haug på seg midlertidig.

Når komposten var på plass gjekk eg i gong med neste prosjekt i kjøkkenhagen som var å lage ein flettekant i botnen av skråninga du ser på bildet under. Eg grov ut nedste del av skråninga i fjor for å få litt meir plenflate her. Kanten er jo ikkje så fin, og eg vil gjerne ha enno meir bed til grønsaker og blomar. Eg hadde liggande nokre fleire stammer og greiner frå dei tre søylethujaane som vart felt i fjor som eg brukte som pålar til å flette mellom.

Eg tok fram øks og hoggestabbe og spissa eine enden på pålane slik at dei er lettare å få ned i jorda. Brukte slegge for å banke dei ned. På bildet over er tre pålar på plass.

Det vart til saman elleve pålar. Eg laga ein bue mot enden til høgre for å møte hjørna på muren.

Her er flettekanten omlag 1/3 ferdig fletta. Eg fekk samla materiale til dette hos ein snill nabo. Det går an å bruke forskjellige typar skot, og dei er enkle å flette no på våren like før dei byrjar å spire.

Her er kanten ferdig, og eg har byrja å fylle bedet. Nedst ligg det eit lag med kvistar, og så har eg fylt på med plentorv eg har spadd frå skråninga på oversida. Eg legg bitar av torv mot flettekanten slik at ikkje jorda skal skli ut. Det skal òg på hagekompost og kugjødselkompost for å gje eit godt vekstgrunnlag for sesongen.

Planen er å plante pyntekorg, blomkarse, sommarfloks, stokkrose, kornblom og kanskje artisjokk her. Eg gledar meg til å sjå korleis det vert!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *