Planteikning over hagen

Eg har tatt fram linjal, blyant og fargestiftar og laga ein planteikning for heile hagen. På jobb som landskapsarkitekt skjer stort sett all teikning via diverse dataprogram, så det var kjekt å ta fram blyanten og teste ut gamle kunster.

Planen viser ein kva idear eg har for diverse prosjekt. Noko av det eg har planlagt skal gjerast i år, men gjennomføring av alt vil ta tid. Og det er svært mulig at planen vil endre seg. Eg likar å tenke på og drømme om korleis ting kan bli, og får stadig nye idear eg har lyst å prøve ut.

Dei stipla linjene du ser som går over planen viser terrenget. Tomta mi ligg i ei skråning, og det er omlag 8 meter høgdeforskjell frå øvst til nedst, med det høgast nivået oppe i høgre hjørne på planen.

Utsnittet over viser det søraustre hjørnet av hagen, der eg har etablert det eg kallar for kjøkkenhagen. Plantekassane kom på plass våren 2020, og deler av det øvste flettebedet laga eg i fjor. Eg planlegg å fortsette ein flettekant bort til muren i nabogrensa, og lage eit sommarblombed her. I skråninga på oversida vil eg plante rabarbra og nokre buskar med mørk raudt bladverk. På muren til naboen planlegg eg å ha klatreplanter.

På nedsida av kjøkkenhagen har eg lyst å lage eit par flettebed til, men det er ein skråning med mykje bringebær, så det vert ei utfordring å anlegge bed her.

Eg drøymer om eit drivhus, og har tenkt på fleire alternative plasseringar for det. No er planen at det kan stå i hjørnet på tomta. Det er eit prosjekt som ligg litt fram i tid. I dag ligg det ein stor haug med greiner i dette hjørnet. Eg må bli kvitt den, og så må eg finne ut om det er lov å sette opp eit drivhus her siden det ligg nært bilvegen som går på nedsida av tomta. Området ved drivhuset tenker eg òg er ei fin plassering for ein open kompostbinge.

Det står fleire tre og store buskar i nedre del av hagen. Eg vil på sikt ta ut nokre av desse, og ser for meg at området kan vera fint som kjøkkenhage om eg finn ut at eg vil dyrke meir i framtida. I dag slår eg bakken her som eng, og prøver å ha kontroll over hekken heilt nederst, som er ein rynkerosehekk. Rynkerosa spreier seg svært lett, og eg må stadig klippe ned skudd som kjem opp i bakken på oversida av hekken.

I det nordaustre hjørnet av hagen er staudehagen. Denne delen av hagen ligg på samme nivå som plattingen framforbi inngangen til huset. Du ser trappa ved inngongen til huset til venstre på utsnittet over.

Størstedelen av beda (dei grøne områda med sirklar) i staudehagen er etablert, og eg held på å fylle ut med meir planter. Delen av det øvre bedet nærast plattingen er ikkje etablert enno. Det har eg tenkt å vente med til plattingen er ferdig.

Prosjekt platting er påbegynt. Eg held på å fjerne buskar, og skal forsette med graving utover våren. Eg skal lage murar av naturstein for å ta opp skråninga. På oversida av plattingen vil eg plante eit nytt tre (tre-/busksymbol med «x» er nye tre). Eg tenker at det hadde vore fint å ha eit slags tak over plattingen òg.

Det eg kallar frukthagen ligg i ein skråning på nordvestsida av huset. I dag har eg ei rekke med bringebær her, nokre buskar rips og solbær og nokre blåbærbuskar. Det står òg to eldre plommetre her. Eg planlegg å terrassere hagen og ha fleire bærbuskar og frutkttre på dei ulike nivåa. Over muren langs innkjørsla tenker eg å etablere eit bed med større stauder.

Nærast huset, til høgre i utsnittet over, er det eg kallar skyggehagen. Den har skygge på dagen, men får sol frå tidleg kveld, så det er ikkje ein heilt optimal skyggehage. Det står ei relativt stor barlind her, og fleire mindre rhododendronar. Eg har planta nokre breibladliljer (hosta), dagliljer og akeleier i bedet her, og tenker å fortsette med planter med fint bladverk. Nederst ved trappa langs huset vil eg plante eit tre som får fine haustfargar.

Én kommentar

  • Marta Onstein

    Hei Hilde!
    Takk for sist i Norheimsund! Nå har eg kost meg med bloggen din. Likar veldig godt den fargekombinasjonen du valde for 2024 kvit(?), rosa, og mest svart. Det har eg og eit staudebed som er på veg mot:) Treng meir mørkt der neste år, ser eg.
    Eg har namnet ditt på lista når Etne hagelag planlegg 2025, men me har mange idear så det kan bli 2026:)
    Venleg helsing Marta

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *