Det vårast i hagen

Dei første hinta om vår dukka opp då snøklokker og krokus viste seg i starten av februar. No er me heilt i slutten av mars, krokusen er avblomstra, og påskeliljene tar straks over. Dei tidlegaste har alt opna seg , slik du ser på det første bildet. Desse sto i hagen då eg flytta hit, og er ein gamal, fylt sort. Dei står i ein sørvendt skråning, noko som nok er årsaka til at dei er først ute av narcissane.

På nordsida av huset der det før sto ei stor edelgran har eg mellom anna planta ei gruppe med blå snøstjerner. Dei har akkurat kikka fram, og lyser fint opp mot den mørke jordbotnen og stubben av grantreet.

Primulaen har dukka opp eit par plasser.

Eg har planta ut fleire grupper med løkblomar som eg har kjøpt på våren tidlegare og hatt i potter på trappa og på verandaen. Her er ei gruppe med tete-a-tete-påskeliljer under ein stor rhododendron.

I eit bed i kjøkkenhagen har eg sett ned nokre tulipanløkar eg hadde i potter på verandaen sist vår. Eg hadde kasta dei på komposten då eg trudde dei ikkje kom til å kome igjen, men fekk eit råd om å gje dei ein sjans til, og det ser lovande ut så langt. Eg er spend på å sjå om det faktisk kjem blomar på dei, eller om det er for lite næring tilbake i løken til det.

I staudehagen har eg fleire grupper med ulike påskeliljer, allium og botaniske tulipanar. Ingen av dei har opna seg enno, men det er like før for fleire av påskeliljene, som du kan sjå på bildet under.

For å sjå litt meir av vårblomstringa frå stova har eg mellom anna eit par potter med løkar på eit bord på verandaen. Desse skal ut i hagen når dei er avblomstra, slik at eg forhåpentligvis kan nyte dei igjen år etter år. Eg håpar rutelilja vil spre seg, for den syns eg er spesielt fin.

Eg ser fram til ei vidare fargerik vårblomstring, og lurer særleg på korleis det vil bli med allium og botaniske tulipanar i staudehagen, sidan det ser ut til å vera mange fleire skudd enn antal løk eg sette i forfjor. Eg veit at dei kan formeire seg, men foreløpig er det litt vanskeleg å sjå kva som er kva av alle bladene som har begynt å kikke fram.

Har du erfaring med korleis allium og botaniske tulipanar spreier seg?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *