Planen for årets kjøkkenhage
No er det vår igjen i #hildesinhage, og eg har mange drømmar og planar for hageåret. Eg starta med litt sådd i januar, og det aukar på for kvar månad framover. I vinter bygde eg ein arbeidsbenk i planterommet i kjellaren, og eg har vekstlys over deler av benken. Så langt fungerar det veldig bra. Eg har til no sådd nokre stauder, artisjokk og stokkroser, og første runde med sommarblomar og bladkål.
For å finne ut kor mykje eg skal så av kvar sort har eg tenkt gjennom kor eg vil ha dei i hagen, og laga ein plan for kjøkkenhagen der eg vil ha ein kombinasjon av sommarblomar og grønnsaker i år.
Planen er i målestokk (1:50) slik at eg kan måle kor stor plass eg har, og rekne ut kor mange planter eg har plass til basert på kva planteavstand plantene treng (planteavstand står på frøposane).
Som biletet frå kjøkkenhagen under viser er det relativt lite fargar og nokså trist nett no. Men eg ser for meg eit bugnande og fargerikt område om nokre månadar.
Eg har tenkt å ha ein meir vertikal kjøkkenhage denne sesongen, med tårn med slyngbønner (to tårn er alt på plass øvst i biletet over), ein bue med erteblomar mellom to av plantekassane, høge solsikker og klatreplanter på muren til naboen. Vidare vil eg ha mykje sommarblomar som er fine til snitt. Det blir ikkje plass til like mykje grønnsaker då, men eg skal framleis ha dei eg ser eg brukar mest av, og prøve nokre nye berre fordi det er kjekt.
Sjølve utplantinga av småplanter i kjøkkenhagen, og sådd av det som skal såast direkte vil ikkje skje før i midten av mai og i starten av juni, men eg har fleire ting som må ordast før eg er klar til det. Eg må få plantetårna godt nok ned i bakken, skaffe meg armeringsnett til bue og klatrenett, og finne ut om eg skal lage ein flettekant og bed langs skråninga bak den raude benken på bildet ovanfor. Eg må òg hente tong å ha på aspargesplantene, samt få tak i kompost og/eller hestemøkk for å førebu alle beda til ein god vekstsesong. Og så halde liv i alle plantene eg sår til dei er klar til å plantast ut.
Hageåret 2022 er altså i gong!