Løkar i jorda
9. november 2021
Eg tar ikkje like hardt i dette året som i fjor, men handla meg nokre sorter narcissar og ein sort allium hos blomebutikken Elie Verkstad i Leirvik. (Ein veldig fin butikk!) Dei har eit veldig fint utvalg av ikkje heilt vanlege sortar. Eg held meg unna tulipanar sidan det er så mykje hjort her i området, men det fins jo mykje anna fint òg.
Alle løkane vart planta i det nye staudebedet, slik at det vert litt vårblomstring der òg. Eg planta mykje løk i det andre bedet i fjor, og tenker at det vert fint å ha vårblomstring på begge sider av staudehagen.
Eg avsluttar med eit bilde av den finaste av løkplantene eg planta i fjor – villtulipanen `Lilac Wonder´. Den lyser skikkelig opp, og eg håpar den har spreidd seg til våren.
Forrige