Haustarbeid i hagen

Tenkte eg skulle samle tips til kva som kan og bør gjerast i hagen på hausten. Noko av dette er litt seint å gjera no, men ikkje alt. Eg har fleire ting på lista enno, og ser fram til fine haustdagar i hagen innimellom alle dagane med regn. 

Sommarblomane kan ein klippe ned, men la røttene stå igjen i jorda slik at jorda får næringa. Plantene kan ein kompostere, eller bruke som jorddekking. Dersom du har ei kompostkvern kan du kjøre plantedelene gjennom den, og komposteringa vil gå fortare, og det vil fungere betre som jorddekking. 

Eg har samla frø av ringblomar, blomkarse og agurkurt. Skal òg ta ein runde til før frosten kjem og samle enno litt meir. 

Frø av agurkurt og ringblomar ligg til tørk i vinduskarmen

Georginer går kanskje ikkje under sommarblomar, men dei er iallfall tatt opp og ligg no på kjellargolvet for å tørke litt før eg skal pakke dei inn i avispapir og sette dei mørkt i kassar i kjellaren.

Georgineknollar til tørk på kjellargolvet

Luking – Ein siste runde med luking vil gjera at du får mindre ugras å hanskas med til våren. Og så kan det vera lettare å kjenne igjen ugraset når det er fullvakse. 

Klipping/beskjæring – Nokre buskar og tre skal klippast på hausten. Eg beskar plommetrea mine i september. Du må ikkje klippe vårblomstrande buskar på hausten – då vil dei ikkje blomstre neste vår. 

Den store syrinhortensiaen min fekk hard medfart i den kalde vinteren som var, og deler av busken er daud. Eg skal klippe vekk det som er daudt noko seinare i haust (kjelder seier november er ei bra tid for det), og vurderar å klippe ned heile busken, sidan den kjem til å bli veldig skakk/ubalansert når eg klipper vekk det som er dødt. 

Her ser ein syrinhortensiaen (med rosa blomar) med tørre greiner på venstre sida. (Og den veldig kjekke kompostkverna mi.)

Bringebærbuskane bør klippast for å gje plass til nye skot. Det kjem berre bær ein gong på greinene, på andreårs-skot, så ein kan klippe vekk greiner det har vore bær på i år. 

Ein treng IKKJE klippe ned staudene. Det vil være ein fordel for plantene å la bladverk stå igjen slik at mest mogeleg næring går tilbake til røtene. Vidare vil plantedelene vera med på å dekke jorda, slik at det vert mindre rom for ugras, og om du lar dei ligge vil dei etterkvart bli til jord. 

Lauv kan ein samle og legge i blomebed, kjøkkenhagen eller under buskar som jorddekking. Lauvet vil brytast ned/komposterast, og tilføre god næring til jorda. Det kan vera utfordrande å halde lauvet på plass om det er vind i hagen, så eg tenker å skaffe meg nokre nett som eg kan legge over kassane i kjøkkenhagen. 

Jorddekking med lauv i kjøkkenhagen

Brenning av hageavfall – Eg har som mål å ikkje fjerne plantemasser frå hagen min. Siden eg har klipt ein del buskar og tre sidan eg flytta hit har eg samla opp ein ganske stor haug med greiner som har for stor dimensjon til at eg kan ta dei i kompostkverna. Eg har òg klipt rynkeroseskot som har spreidd seg fra hekken i nedre del av tomta, og desse vil eg brenne. Eg har eit gamalt søppelspann i stål som eg skal brenne i, og det er plassert i nedre del av hagen, der det forhåpentligvis ikkje vil plage naboane. Det er lov å brenne hageavfall i eigen hage, men ein må gjera det på ein trygg måte. Oske fra bålet kan ein bruke som jordforbetring, og det skal òg vera bra å strø på plenen om du har mykje mose i den. Oske er surt, så eg lurer på om eg skal teste å strø litt rundt blåbærbuskane òg (blåbær trivs best i sur jord), men skal lese meg litt opp på det først. 

På vestlandet kan me plante løk godt utpå hausten, sidan det sjeldan er frost i bakken før jul. I fjor planta eg tulipanar, snøstjerner, påskeliljer, allium og kvitløk, både i potter, i kjøkkenhagen og resten av hagen. Har ikkje kjøpt løk så langt i år, men det kan framleis skje.

Planting av tulipanløk i potte på verandaen

Flytte og dele stauder kan ein òg gjera eit stykke utover hausten, men det byrjar nok å bli noko seint no. Eg har flytta og delt ei peon, fleire geranium, revebjeller og fleire andre stauder, både for å få betre plass i det eine staudebedet der det vart trangt, og for å rydde litt i hagen. Nokre av staudene mine bør delast berre fordi dei vert for store. Bruk ein skarp spade for å dele rotklumpen, eller ta fram brød/kokkekniven. 

Delte peona i fire deler, planta to i staudehagen, og gav vekk to

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *