Nytt staudebed

No er det klart for meir blomar i hagen! 

For å få formen på bedet la eg ut ein hageslange der eg ville ha kanten, og skar til med ein kantspade. Vidare grov eg opp grastorva i ei renne langs kanten, og la torva opp ned der bedet skulle etablerast. 

Hageslangen viser kor kanten på bedet skal vera. For å markere kanten kan ein bruke mjøl og strø over slangen slik at ein får ein tydeleg kant, og så unngår ein å ev. skade hageslangen.
Her er renna langs kanten av bedet gravd ut.

Eg utvida òg bedet på oppsida i Staudehagen ved å skjære ei lik renne i plenen som på nedsida, og så la eg på eit tjukt lag med papp som skal ligge på lenge for å drepe gras og ugras, slik at eg seinare kan plante utan å måtte fjerne torva.

Starten på kanten på bedet på oppsida. Eg brukar først kantspaden som her står ved husveggen til å skjære ei skarp linje rett ned, og så spar eg opp torva med ein hagespade.
Papp på plass i bedet. Det ser ikkje så fint ut, men eg syns det er verdt det for å unngå å måtte fjerne masser som kan bli eit godt vekstmedium.

Skjærsminbusken vart kraftig skjært ned for å få meir lys og plass til staudebedet. Du ser eit glimt av årets kjøkkenhage på nedsida av skråninga til venstre i biletet under. 

Skjersminbusken var meir enn stor nok. Har redusert den i to rundar, og tenker òg å tynne den.

Etter forma på bedet var på plass la eg eit tjukt lag med aviser over torva og plenen i det store bedet. Over laget med avispapir la eg kompost frå ein pallekarm der eg har gravd ned bokashi-kompost gjennom våren og sommaren. 

Her kjem abonnementet på lokalavisa godt med. Eg vatnar undervegs for å halde avisene på plass.
All komposten på plass.

Sidan bedet sluttar på toppen av ei skråning ville eg lage ein kant for å hindre at mykje av jorda rasar ned. Hadde liggande fleire greiner frå tre søylethuja som vart felt i vår, og brukte desse til å lage ein flettekant tilsvarande det eg laga i kjøkkenhagen i vår. Kanten vart ikkje særleg tett, men den vil hjelpe på. 

Brukte øksa til å lage spissar på stolpene slik at dei er enklare å få ned i bakken.
Her er stolpene plassert ut og slått ned i bakken.
Kanten er på plass. Den er nokså open, så her la eg seinare avispapir opp langs kanten for å halde jorda på plass.
Bedet og kanten sett frå den framtidige hagestova. Busken midt i biletet er ein syrinhortensia eg planta for eit par år sidan. Tenker den vil gjera seg fint i bedet, så den får stå. 

Det siste laget i lasagnebedet er plantejord. Etter det var på plass planta eg nokre nye stauder, og flytta fleire frå det andre bedet der det var ganske tett. Vidare flytta eg fleire stauder som har spredd seg sjølv. Har plassert dei høgaste bakerst, ellers er det ikkje ein detaljert plan på plass her enno, så det kan bli noko flytting etter kvart. 

Det er plass til nokre låge stauder langs kanten mot plenen. Må tenke litt på kva som kan passe.
Det er òg plass til ein del fleire planter på midten og i denne enden av bedet.

Eg prøver å plante tett slik at det vert mindre plass og lys for ugras til å gro. og då må ein ha ein del planter. Eg har ein del stauder i andre deler av hagen som kan flyttast og/eller delast. Planen er å få gjort det òg i haust.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *