Planar for Staudehagen

Eg har hatt ein ide om korleis Staudehagen skal sjå ut omlag sidan eg flytta hit. Målet er minst mogeleg plen og mest mogeleg frodig blomstring, med ei hagestove i enden av hagen.

Den første sesongen (2019) fjerna eg buskar og starta på det første staudebedet. I 2020 var eg mest fokusert på kjøkkenhagen og sommarblomar, men no er tida endeleg komen for å komme vidare her. 

Staudebedet på oppsida starta eg på i 2019, og utvida noko i 2020
Staudehagen endar i muren til naboen som står i grensa
Staudehagen sett fra muren, mot huset

Denne delen av hagen ligg på same nivå som inngangen til huset, med skråning på oppsida, mot ein veg, og skråning på nedsida, mot kjøkkenhagen. I dag er det ein omlag 3 meter brei plen i hagen, som strekker seg fra huset omlag til nabogrensa, med nokre buskar i skråninga på nedsida og staudebed, buskar og eit lite magnoliatre på oppsida. 

Magnoliatreet skal bevarast, og vil stå nær det eine hjørnet på hagestova. Rhododendronen og lilja som står til høgre må fjernast/flyttast.

Under er ei planskisse som viser ideen med staudebed på begge sider av ein omlag 70 cm brei sti som buar seg fram til hagestova ved eigedomsgrensa. Eg er litt rusten på teikning av hageplanar, men det gir eit godt bilete av kva tanken er. 

Planskisse over Staudehagen

Eg har så langt fjerna klessnora, og starta med å utvide bedet på oppsida, nærast huset, og med bedet på nedsida. Meir om det i neste post! 

I juni 2021 var Staudehagen svært lilla

Én kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *