Flettebed

For å få plass til fleire grønnsaker i hagen fant eg ut at eg skulle prøve meg på å lage bed i terrasser i skråninga over kjøkkenhagen. Eg starta med å fjerne nokre rhododedron som sto der. Har nok av det ellers i hagen, så å redusere litt på den samlinga gjer ikkje noko.

Eg brukte thujagreiner frå trea som sto langs muren til naboen som stolpar for flettekanten, hogde dei spisse i eine enden, og slo dei ned med slegge.

Så fletta eg kant med litt tynnare greiner, desse kom og frå thujaen. Det er tungt arbeid med dei litt tjukkare greinene, men då vert det stivt og solid.

Vidare la eg papp og avispapir på bakken før eg fylte på med småkvistar og planterestar, og jord frå skråninga til høgre.

Til slutt var det klar for planting, og nå håpar eg at hausten av squash og graskar vert vesentleg betre enn i fjor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *