Drømmar og planar for hageåret 2021

Heile hageåret ligg framfor oss, og eg har mange idear, drømmar og planar. Det kjem heilt sikkert ikkje til å bli noko av alle, men om ein ikkje drømmer skjer det enno mindre trur eg.

Øvst på drømmelista står eit drivhus. Eg har vore innom fleire idear, og per idag er tanken å bygge eit sjølv, på mur, av gamle vinduer. Dette er eit stort prosjekt, og krever ein del tid, både for samling av vinduer, klargjering av grunnen og sjølve bygginga. Det kjem nok ikkje til å skje før tidlegast til hausten, men eg må starte å samle vinduer, og eg må grave opp røtene til tre søylethuja som vart fjerna tidlegare i vår nettopp for å gjera plass til drivhus.

Drivhuset skal stå med eine mønet mot murveggen her, og gravast inn i terrenget. Det vil stå på samme nivå som kjøkkenhagen. Det sto tre søylethuja framfor muren tidlegare.

Staudehagen er neste på lista. Eg har eitt staudebed i forlenginga av plattingen ved inngongen til huset, og planen er å ha bed på begge sider av ein slyngande sti med eit hagehus i enden, mot muren til naboen. Har starta på utviding av det eksisterande staudebedet, men tenker på om eg skal starte med bedet på andre sida, og starte på anlegging av plattingen der hagehuset skal stå.

Staudehagen våren 2020. Staudebedet til høgre er i ferd med å bli fullt, og skal utvidast både utover plenen, og lenger inn i hagen. Klesstativet står stort sett i vegen, så ryk nok snart.

Terrasserte bed i skråninga mellom staudehagen og kjøkkenhagen er eg allereie i gong med å anlegge. Eg har fjerna to rhododendron som har fått flytte til ein anna hage, og skal grave opp to til. Terrassane skal lagast med ein «flettekant», tilsvarande den eg har lenger ned i hagen, på nedsida av kjøkkenhagen. Dette vil gjera det enkelt å forme kantane i buar, og ein får eit mjukt, organisk uttrykk. Eg skal bruke stammene frå dei felte søylethujaane, og har fått lov å hente småtre/kratt til å flette med frå ei nabotomt.

I kjøkkenhagen skal eg fortsette med det som var ein suksess i fjor, og prøve ut nokre andre ting som eg har lyst å teste. Grønnkål og mangold vart veldig bra, så det vil eg ha igjen. Sukkererter skal eg så igjen. Jordbærplantene skal flyttast frå bed til plantetårn, for eg syns dei tok for stor plass, og konkurransen med sneglane vart for sterk. Eg skal ha bønner, og har sett opp to stativ dei kan klatre på. Må bygge noko sukkerertene skal klatre på òg. Planen er å så både squash og graskar i år og, og sjå om eg får det betre til no. Vurderar å ha poteter, men er ikkje sikker. Det blir nok òg litt sommarblomar her, for det er jo viktig at det ser vakkert ut! Og så har eg nettopp planta seks aspargesplanter.

Stativ til slyngbønner, laga av greiner frå søylethujaen.
Asparges planta i ein av kassane. Gravde ei grop og hadde i skjellsand og bokashi-kompost før eg planta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *