Kjøkkenhagen 2020
Det første som kom i jorda i kjøkkenhagen var jordbærplanter eg hadde i ein pallekarm. Desse sette eg langs kanten i fleire av plantekassane. I midten av mai sådde eg rødbetar og salatløk direkte. Hadde mange småplanter til forkultivering i planterommet i kjellaren som vart planta ut i slutten av mai.
Hadde ein fotorunde i hagen 8.juli, og då var det blitt svært frodig og grønt. Bildene under viser at det meste trives godt.
Neste bilderunde er frå 26.juli, og det vert stadig grønare.
Bildene viser det ikkje, men sneglane har oppdaga at her er det mykje godt, og det går særleg utover dei ulike kålartane, særleg rosenkål, knutekål og spisskål, samt graskar og squash som står i bedet under syrinhortensiaen.
Bildene under er tatt 17.august, og viser ei fargerik blomstring i hagen mot slutten av sesongen.
5.september har solsikkene kikka over rekkverket på verandaen.
16.september ser ein godt at det går mot haust, men det er stadig frodig, og det er god del att å hauste.
I slutten av oktober planta eg ut kvitløk og klipte vekk plantemateriale frå kassane, samt samla lauv i hagen og la i plantekassane som jorddekking.
19.november kom det første snøfallet, og hagen får kvile i nokre månader.