Haust i hagen
Oktober er over, og me er godt inne i hausten her i Sunnhordland. Det har vore uvanleg flotte haustfargar i år syns eg, og mange fine dagar å nyte dei på.
Livet i hagen har roa seg ned. Det går mest i rydding og småordning. Kjøkkenhagen får framleis ein del merksemd, både med fjerning av det som er visna, og førebuing til vinteren. Eg er veldig nøgd med at eg framleis kan hauste mangold og grønnkål, og finn stadig ut nye måtar å bruke det på.
Siste helga i oktober nytta eg mellom anna til å rake lauv frå frukthagen og vegen til huset, som eg samla og la ut i kjøkkenhagen som jorddekking. Eg har ei viftelønn som har svært fine fargar heile året, og særleg no når den er lys raud. Lauvet på bakken er nesten synd å rake vekk.
Eg måtte måle høgda på solsikkene langs veggen, og den høgaste målte heile 3,98 meter. Trur eg vinn familiekonkurransen me har med den der!
Elles tenker eg mykje på kva eg kan gjera i hagen i løpet av vinteren for å legge opp til ein enno flottare hagesesong neste år. Tankane svirrar mellom anna rundt bygging av drivhus, kva frø som skal bestillast, utviding av staudebed, mulig felling av eit tre eller to og klipping av buskar.
2 kommentarer
Mary Therese
Hei! Så gøy med blogg! Kan eg dekka jordbærstiklingar med lauv o?
hiblo
Takk! Spennande å sjå om dette er kjekt å halde på med. Lauv vil beskytte mot kulde, så du kan godt dekke jordbærstiklingane. Legg gjerne på noko kvist el.l. for å hindre at lauvet bles vekk. Trur eg må skaffe meg noko slikt til kassene mine.