Eg bestilte ei stor mengde løk frå Hageglede tidlegare i år, og mottok ein stor kasse som har stått å venta i gongen i fleire veker no. Ei strålande helg i midten av oktober var det på tide å få dei ned i jorda.
I staudebedet planta eg allium, to sortar narcissar, og tre sortar botaniske tulipanar/villtulipanar.
Planta 30 av desse innimellom staudene.Planta alle desse under den store hortensiaen. Desse står i ei gruppe.
Tulipanene sette eg i grupper langs nedre kant av staudebedet.
Ei gruppe av desse vart òg sett ned under fagerbusken i kjøkkenhagen.
I skyggehagen, rundt ein stubbe som står att etter at me felte ei edelgran i vinter sette eg snøstjerne. Trur det kan bli veldig fint med blå stjerner der.
SnøstjerneEg sette og ein del av desse påskeliljene i skyggehagen og langs trappa.
I tillegg til blomsterløk sette eg to sortar kvitløk i halvdelen av ei av plantekassane i kjøkkenhagen.
Sorten «Messidor i dei tre radene til venstre, og «Germidour» i dei to radene til høgre.