Hilde sin hage – hagedesign

Hilde sin hage er her for å hjelpe deg mot ein vakrare hage med inviterande og funksjonelle rom.

Har du draumar og ønsker for hagen din, men veit ikkje heilt korleis du skal gå fram for å få det slik? Eg kan hjelpe deg med idear og gode løysingar.

Ein hageplan frå meg vil ta utgangspunkt i dine draumar og ønsker, og korleis hagen din ser ut i dag. Kva du vil bruke hagen din til, kven det er som brukar den, kva du likar og kor mykje tid vil du bruke på oppfølging er eit viktig grunnlag for planlegginga.

I hageplanen vil me arbeide med soner for ulik bruk og forskjellige praktiske løysingar. Når du gjennomfører planen vil du få ein hage som er gjennomtenkt og heilhetlig, og den kan gjerne gjennomførast i fleire steg.

Eg kan òg tilby ein enklare plan, planteplan for enkelte bed, eller plan for ein mindre del av hagen (t.d. ein sitteplass).

Sjå meir under «tenester» over og send meg ein e-post om du er interessert!